Kvifor er bønn viktig?

Kvifor er bønn viktig for ein kristen? (KJ, gutt 26 år)

SVAR:

Det korte, enkle svaret er at Jesus sjølv bad, og han gikk ut frå at også disiplane hans bad. «Når de bed, så …» (Matt 6:5)

Korleis skal vi be? Han svara: «Når de bed, skal de seia: Far! …» (Luk 11:2) Slik innleia han bøna Fadervår.

Legg merke til at denne viktigaste av alle bønner tar til og sluttar med lovprising til Gud. Når eg ber, står ikkje eg i sentrum, men Den heilage, himmelske Far. Han har makta og skal ha all æra til evig tid.

Til spørsmålet ditt: Spør du fordi du tenker på dette at Gud har all makt, han veit alt, kan det då vera nødvendig at vi ber til han?

Ja, for kristendom er å ha eit nært og personleg tilhøve til Jesus og Gud. Vi kan vende oss til han i alle situasjonar.

Vi ber ikkje for å informere Gud. Han veit alt allereie. Vi ber heller ikkje for å forandre Gud. Han er uforanderleg og gjer som han vil.

Likevel har Jesus lovt: «Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.» (Matt 7:7)

Oppmodinga frå Jesus og løftet han har gitt, skal skape frimod i oss til å tale til ham i hjarta eller med ord om alt vi er opptekne av. «Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk,» skreiv apostelen Peter. (1Pet 5:7) Igjen ser vi at det viktige er å sette Gud og løfta hans i sentrum.

Vi kan lett gjere bøn til eit prestasjon eller eit slag betalingsmiddel. «Nå har eg bedt natt og dag i årevis, Gud, då må du vel gi meg det eg ber om?»

Nei, svaret frå Gud er alltid nåde, ikkje løn for strev. Gud har sin eigen plan og sitt eige tidsskjema. Overlat strategien til han. Han kan svare på ein heilt annan måte enn du hadde tenkt. Men i alt er han god og kjærleg.

«Be uavlateleg!» skriv Paulus (1Tess 5:17) Lev i eit opent forhold til Herren heile dagen. Ja, nokre Guds barn er i stand til å gjera heile livet sitt til ein bøn til Gud.

Bøna er ei rik gåve. Den er ikkje avhengig av at vi er flinke til å be, men at Gud er nådig og miskunnsam og har gitt oss rike løfter.

OPKL442

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone