Står åndsmakter bak MS sjukdom?

Hei! Har høyrd ein del undervisning om åndsmakter og har eit par spørsmål om dette. For eit par månader sidan fekk eg (20 år) diagnosen MS (multippel sklerose). Har gått ein del til forbøn for dette, og nokre gonger får eg høyre at det kan vere åndsmakter som står bak sjukdommen. Dette skræmer meg, og eg kan nokre gonger kjenne meg skuldig grunna dette. Trur du det er åndsmakter som står bak mine plager? Og eit tilleggsspørsmål: bør ein tilgi åndsmakter? Eg har lagt meg opp meiningar her, men vil gjerne høyre innspel frå deg. (A.M. jente)

SVAR:

Eg vert lei meg når eg høyrer at nokon kan legge den børa på deg at dei vil få deg til å tru at åndsmakter kan stå bak sjukdomen din. Då er det ikkje rart at du har ei skuldkjensle. Vil dei meine at du har synda meir enn andre? Vil dei få deg til å tru at du bevisst har opna deg for vonde åndsmakter?

Eg veit ikkje noko om deg utanom dette brevet. Men eg vil seie: Grip og hald fast ved trua på Jesus. Han er den gode og kjærlege frelsaren som gjekk i døden for din skuld. Når du trur på han, har du fått tilgjeving for alle syndene dine, du er rein og heilag i hans auge, og du har vona om eit evig liv saman med han.

Vi lever i ei praktfull og velordna verd. Gud Fader er god mot alle. Men det kom eit syndefall inn i verda. Den vonde fekk makt. Med han kom døden og sjukdomen.

Dei som er sjuke, er ikkje meir skuldige enn andre. Vi kan så lite svare på spørsmål som byrjar på kvifor og korleis og kor lenge. Men vi veit at også det vonde kan ved Guds gode vilje verta vendt til noko godt. «For vi veit at alle ting verkar saman til det gode for dei som elskar Gud, dei som etter hans råd er kalla.» (Rom 8,28).

Vi trur på den allmektige Gud som i Kristus er ein god Far for barna sine. «Han som ikkje sparde sin eigen Son, men gav han for oss alle, – korleis skulle han kunna anna enn å gje oss alle ting med han?» (Rom 8,32)

Du treng ikkje tilgje åndsmakter. Kampen med dei tar Jesus seg av. Han er sterkare. Han har sigra for deg.

Eg vonar du har tilgang til eit godt og sunt kristent fellesskap, ei forsamling eller eit ungdomslag som kan gi deg støtte og oppmuntring vidare. Eg har vener med MS, og dei har hatt mange gode år og vore til stor glede og nytte for andre.

Eg helsar deg med desse orda frå Jesus: «Dette har eg tala til dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsle. Men ver frimodige! Eg har sigra over verda.» (Joh 16,33)

OPKL289

En av leserne her på webpastoren har sendt denne kommentaren:

Takk for det gode svaret du ga til den personen som har MS, og fått høre at det er åndsmakter som er årsaken til det. Nå er jeg 73 år, men var adskillig yngre da denne forkynnelsen var aktuell. Trodde den var over og ut nå. Jeg har epilepsi og fikk og høre at jeg var "besatt" og at Bibelen forteller om folk med lignende plager. Derfor blir det sett på som om alle vi som har en nevrologisk sykdom har sluppet de åndsmaktene inn på seg. Takk, Gud er ikke slik mot sine barn. Jeg har fått lagt denne påstanden bort, ved hjelp fra andre Guds folk og ikke minst fra deg, Asbjørn. Nå er jeg FRI og kan glede meg over livet i Gud og at Han har gode ting for meg og. Frelsen, hvilen i Jesus Kristus. Som du sier, Jesus har overvunnet denne onde ånsmakt. Kroppen min er ikke helt god, men min sjel, mitt hjerte har det godt, jeg er ett fritt menneske. Hilsen JK.

 

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone