Det Gud har planlagt

Korleis kan du vite at du gjer det Gud har planlagt for livet ditt? (Ragnhild 17 år)

SVAR:

Bak spørsmålet ditt trur eg det ligg eit inderleg ønske om å få ha følgje med Gud gjennom livet. Det er eit ønske han vil komme i møte.

I bøna Fader vår, som eg trur du ber ofte, lyder det slik: «Lat viljen din råda, som i himmelen, så òg på jorda.» (Luk 11,2) Når du ber med dei orda, vil han la viljen sin oppfyllast også i livet ditt.

David bad slik i ein salme: «Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud!» (Sal 143,10) Om David hadde sine fall og nederlag, vart summen av livet hans at han vart ein tenar for Guds plan i sin tid. «For David sovna inn, etter at han hadde tent Guds råd i si levetid.» (Apg 13,36)

Ordet i Ef 2,10 er mykje sitert: «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud føreåt har lagt ferdige så vi skulle ferdast i dei.» Det ligg gjerningar, planar, prosjekt og personar og ventar også på deg, Ragnhild.

Sei med orda i salmen: «Eg vert alltid verande hjå deg, du har gripe mi høgre hand.» (Sal 73,23) Med visse om at han leier deg kan du trygt gå livet i møte.

OPKL306

 

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone