Kan ein synda mindre?

Er det mogleg å synda mindre? Etter at du er blitt kristen / byrja å ta Ordet på alvor og leva i det, vil syndene du då gjer, minka i tal? I så fall må det finnast ei grense, for det er jo ikkje mogleg å bli syndfri.

 Kvar går då denne grensa?  Dersom synda er konstant, kvar kjem då dei gode gjerningane / Andens frukt inn? Ettersom dei aukar, burde ikkje då talet på synder minka? Kan ein synda mindre? (Margunn, 20 år). 

Eit anna spørsmål i same lei: ”Hvordan kunne Paulus si at han var den største synderen – og samtidig si at han var den beste kristne?” (Ingrid, 17 år).

SVAR:

Peter skriv at folk undra seg over dei nye kristne. For dei synda ikkje så grovt som dei hadde gjort før dei vart omvend. ”For det er nok at de i den farne tid har gjort det heidningane vil, ved å ferdast i skamløyse, lyster, drukkenskap, festing, svir, og i skammeleg avgudsdyrking. No undrar dei seg over at de ikkje renner med dei ut i den same straumen av utskeiingar, og difor spottar dei dykk” (1. Pet 4,1-4). 

Det vart slutt på utskeiingar, så dei ikkje-kristne vart reint misunnelege. 

Men ein kristen vert ikkje syndfri her på jorda. For synda er ikkje bare ytre gjerningar, men den bur endå meir i tankar og ord, og den ligg i alt vi kunne gjort, som er godt, men som vi ikkje gjer. 

Difor kunne Paulus skrive at han er ”den ringaste av apostlane” (1. Kor 15,9). 

Seinare hadde han røynd meir av syndenaturen i seg og skreiv: ”Eg, den minste av alle dei heilage” (Ef 3,8). 

På slutten av livet skreiv han: ”Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største” (1. Tim 1,15). 

Paulus kjende det ikkje slik at han vart mindre av ein syndar etter kvart. Han var den ringaste av apostlane, den minste av dei heilage, og så den største av syndarar. 

Men han synte nok meir av Andens frukt i livet sitt likevel. Men det var han ikkje så oppteken av. Han var oppteken av å leva nær Kristus, slik at Kristus levde i han: ”For det å leva er for meg Kristus, og det å døy er ei vinning” (Fil 1,21). 

Så svaret mitt er at å vekse som kristen, kan føre med seg at eg ser meir og meir av synda i livet mitt. Når eg då vedkjenner meg synda og legg den fram i lyset frå Jesus, kan livet hans få meir overtak i livet mitt. 

OPKL093

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone