Kvifor skapte Gud verda?

Eg lurer på: Kvifor skapte Gud verda og menneska? (Jente, 20 år). SVAR: Eg veit naturleg nok ikkje svaret på dette spørsmålet. Men noko har han synt oss i Ordet sitt.

Visdomen hjå Gud er milelangt over visdomen vår. Tankane hans er mykje djupare enn våre.

Blir du med inn i ein innfløkt tankegang hjå Paulus, skal eg freiste å forklåre etterpå.

Ef 3,9-11: Paulus har fått som oppgåve ”å opplysa alle om korleis hushaldet er med denne løyndomen som frå evige tider har vore løynd i Gud, han som skapte alt ved Jesus Kristus. Slik skulle no Guds mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkjelyden for maktene og herredøma i himmelen. Dette hadde Gud sett seg føre frå evige tider, og han fullførde det i Kristus Jesus, vår Herre.”

Gud hadde sett seg noko føre frå evige tider. Han ville openberre ein løyndom, at han skapte alt ved Jesus Kristus. Denne Guds Son skulle kome til jorda og gjere frelsesverket sitt, ved død og oppstode. Ved dette skulle det skapast eit nytt folk, forsamlinga eller kyrkjelyden av dei heilage. Ved dette nye folket som høyrer Jesus til, skulle Gud vinna ein kosmisk siger. Dei som skulle få kunngjeringa om dette, var dei maktene som står Gud imot. Her var ein siger Gud hadde sett seg føre å fullføre.

Mange andre svar kan bli gitt, men dette kom eg på nå.

Gud har skapt deg fordi han er god, og fordi han er glad i deg. Han har ein plan for livet ditt. Tenk, 20 år er du, kanskje får du leve 80 år til! Lev for Jesus, så er du midt i Guds nåde og kjærleik!

OPKL053

Powered by Cornerstone