Kan alle få nådegåver?

Kan alle få ein nådegåve? Korleis veit ein kva nådegåve ein har fått? (Ragnhild, 17 år)

SVAR:

Ja, alle som trur på Jesus og har funne ein plass i den kristne forsamlinga, kan få ei nådegåve. Det kan henda du alt har fått ein eller fleire, sjølv om du er ung. Men det veit du ikkje om du berre sit passiv og ventar, og ikkje seier noko og ikkje gjer noko. For nådegåva er ikkje gitt for at vi skal pynte oss med den. Den er gitt for at vi skal tene brørne og systrene våre på ein betre måte.

Så ta til med å vere villig og seie ja når nokon ber deg gjere noko i møta eller i fellesskapet: Kome med eit vitnemål, synge, be, gjere ei teneste. Når du er ein ja-disippel og er villig, kan det skje at Gud gjer klart for deg kva nådegåve du har. Kanskje kan gode kristne vener eller leiarar i forsamlinga seie noko om kva som er di spesielle teneste.

Nådegaver er både tenester vi får, og evner vi får, alt ettersom. Vær meir opptatt av Jesus, av dei andre trossøskena og behova i fellesskapet, enn av at du skal framstå som særs «begava».

«Etter som kvar har fått ei nådegåve, så ten kvarandre med henne som gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde» (1. Pet 4,10)

OPKL074

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone