Respekt for Skrifta

Kva betyr ordet i Matt 5,19. Andre eg har spurt, veit ikkje. Kva er ”desse minste bod”? Eg finn liksom ikkje samanhengen. (Anna)

 SVAR:

Jesus kom ikkje til jorda for å avlysa det som Moses hadde bore fram av Guds bod. Nei, han tek berre avstand frå farisearane sine omtolkingar av boda. Også i dag trur nokre at Jesus sto i opposisjon til Det gamle testamente. Det er feil. Jesus går ikkje imot Skrifta, men dei menneskeskapte tradisjonane omkring henne. 

Eg trur nettopp samanhengen kan hjelpe oss til å forstå, Anna. Dei orda du siterer, er henta frå dette avsnittet: 

”De må ikkje tru at eg er komen for å avlysa lova og profetane! Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å oppfylla. For sanneleg seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå, før det har hendt alt saman. Om då nokon bryt eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska dette, han skal verta kalla den minste i himmelriket. Men den som held dei og lærer dei til andre, han skal kallast stor i himmelriket” (Matt 5,17-19) 

Jesus talar her om respekt for Bibelen. Han var sjølv det levande ordet komen frå Gud. Likevel nytta han seg av sitat frå Skrifta då han vart freista av djevelen (Matt 4,1-11). Det minste ordet frå den skrivne openberringa frå Gud har meir makt i seg enn noko ord av menneske. 

Farisearane var opptekne av å slakke av på krava i boda og ta dei meir lettvint. Jesus var ikkje med på dette. 

Det er bod og ord i GT som har samanheng med at dei var reglar for eit større folkesamfunn. Jesus og Paulus har synt at ikkje alle desse har vekt etter at Jesus har kome. Eit grundig studium av Skrifta, der me let ordet frå Gud tolke ordet, kan hjelpe oss med dette. Her kjem sunn teologi til nytte. 

Hovudsaka for Jesus er å lære disiplane å ha respekt for det som står skreve, også ordlyden i ”små” ord og vendingar. 

OPKL123

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone