Barnetru og voksentru

Lurte på ein ting. Det der med barnetru og overgangen til voksentru. Eg har vokse opp i ein kristen familie, i eit kristent miljø. Og eg har alltid visst at Gud er skaparen av alt og alle, og at han elskar meg og at han tilgir mine synder. Eg har også alltid stått for at eg er ein kristen, og har derfor også ofte skilt meg litt ut i enkelte vennegjengar heime. Men eg veit at Jesus er den eg vil leve livet mitt saman med, og eg har følt hans nærver og godheit uendeleg mange gongar. Men korleis kan eg vite om eg har gått over frå barnetrua mi til voksentrua? (Gut på nordvestlandet, ca. 18 år)

 SVAR:

Takk for eit godt spørsmål. Eg trur lett vi gjer dette for vanskeleg. Då Jesus snakka om trua ein gong, overraska han alle med å stille fram eit lite barn. Han sa: ”Sanneleg seier eg dykk: Utan at de omvender dykk og vert som born, kjem de slett ikkje inn i himmelriket. Den som gjer seg liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.” (Matt 18,3-4).

Med andre ord: Den beste trua er ei barnetru. Eit barn lagar ikkje så mykje styr, kjem ikkje med så mange innvendingar. Eit barn har tillit til Jesus – og det er den viktigaste sida ved trua, som tilhøyrarane trengte å lære noko om. Så ikkje slepp barnetrua di, gode ven!

Nå er det ei anna side ved dette. Vi skal vere i vokster. Om vi framleis berre kan drikka av pupp, må me tenke oss om. Han som skreiv Hebrearbrevet, var litt bekymra for lesarane sine, for dei hadde ikkje lært noko nytt og meir krevjande. Han skreiv: ”Om dette har vi mykje å seia som er vanskeleg å leggja ut, fordi de har vorte sløve til å høyra. For endå de etter tida burde ha vore lærarar, treng de einkvan som atter lærer dykk dei fyrste grunnleggjande ting i Guds ord. De har vorte slike som treng til mjølk, ikkje fast føde. For den som enno får mjølk, kjenner ikkje rettferds ord, han er då eit barn.” (Heb 5:11-13) Med andre ord: Du kan og skal ha tillit til Jesus som eit lite barn. Men mens du har det, kan Jesus leie deg til ei djupare forståing av kva det inneber å følgje Jesus i kvardagen.

Så prøv å leve vidare som ein kristen med ei levande barnetru og ei veksande voksentru. Det er flott å lese korleis du fortel om trua og livet ditt. Prøv å halde fast ved begge – voksentru og barnetru - og fornye deg kvar dag. Det viktigaste er at vi lever tett ved Jesu side.

OPKL166

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone