Hvordan fortelle ikke-kristne?

Hvordan kan man fortelle ikke-kristne kor fantastisk Jesus og Gud er når man fyrst ser dei? Koss kan man klare å velsigne dem som har gjort oss ondt uten å gjøre det med sorg? (Bjørnar 17)

SVAR:

Hei Bjørnar, det skin glede og takksemd ut av spørsmålet ditt. Eg veit du nyleg har blitt ein kristen, og då boblar du over av frimod og lyst til å dela det store som har hendt i livet ditt.

Det viktigaste du kan gjere, er å vera ein positiv, kjærleg, velvillig, høfleg og venleg person mot alle. Ei tid dreiv du med banning, kanskje også med baktaling og småmobbing. Legg det frå deg, og folk vil tenke: Kva har hendt med han Bjørnar? Så får dei nok vita kva det er. Kanskje spør dei deg også. Då er tida komen for å seie noko fint om Jesus og det han gjer.

Du skal altså ikkje fly på folk kva tid som helst, men vente til Jesus opnar døra for deg inn til venene dine slik at du kan vitne for dei.

Når det gjeld å tilgje dei som har vore stygge med deg, og i staden velsigna dei, trur eg Gud skal gje deg krafta som trengst. Be han om å forandre på hugen og tankane dine. Gleda du har når du får tru evangeliet, vil nok hjelpe deg til å sjå på kameratane på ein ny måte.

Må Gud signe deg!

OPKL188

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone