Holder på å falle frå?

Holder du på å falle frå om du ikkje har tenkt på Gud eller bedd på lenge? (Marte 17 år)

SVAR:

Å vera ein kristen er ikkje å lukkast med å vere aktiv, slik at du stadig tenker på Gud eller ber ustanseleg til han. At du er aktiv, kan vera ei frukt av trua, men ikkje eit krav. Å vera ein kristen er å bli Guds barn gjennom dåpen og trua på Jesus. Seier du av hjarta ja til at Jesus er frelsar og herre i livet ditt, då er du eit barn av Gud. Eit barn, veit du, blir ikkje lett avvist av foreldra. Du fell ikkje frå ein barnerett om du er inne i periodar av likesæle.

Slik står det i Bibelen: «For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve.» (Ef 2,8) Gled deg over denne gåva.

Eg merkar ei uro i spørsmålet ditt. Du kjenner kanskje at du har kome på avstand frå Jesus og livet med ham. Andre menneske kan ikkje vita korleis det står til med deg. Det veit du best med deg sjølv.

Difor vil eg rå deg til å leve nær Jesus, vera saman med andre kristne, høyre god kristen forkynning og ta imot nattverden.

Å be er ikkje eit prosjekt som krev av deg. Bøna er ei opa dør til velsigning. Du kan tøma ut alt du har av suter for Herren. Han høyrer og har omsut for deg.

OPKL209

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone