Dei som aldri har hørt

Kjem dei som aldri har hørt om kristendommen til helvete? Dei som bor i stammer osv … Er det ikkje urettferdig? (Hanne 18 år)

SVAR:

Du har sikkert vore borti det vi kallar «Den vesle bibelen»: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Joh 3,16)

Her les vi at nøkkelen til å få evig liv er å tru på Jesus. Men kva då med dei som ikkje har blitt kjent med Jesus? Vi har ikkje noko klår løysing på det problemet. Men Gud veit kva han tenkjer og vil. Han har ikkje openbert det for oss, kanskje for at vi skal vere opptekne med å vitne om Jesus for alle.

Vi veit at «Gud er ikkje urettferdig» (Heb 6,10). Han vil ikkje ramme uskuldige. Domen vil nå dei som med vilje, trass og spott seier nei til frelsa. Eit spørsmål frå Hebrearbrevet: «Kor mykje strengare straff trur de då ikkje den skal aktast verd som har trødd Guds Son under fot og vanhelga paktblodet, det som han vart helga ved, og har spotta nådens Ande?» (Heb 10,29). Det er avvisinga av frelsa som skal dømmast, ikkje at ein ikkje veit om den.

Gud ønskjer ikkje å avvise nokon. Han «vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanninga.» (1. Tim 2,4). Difor har han bedt disiplane og kyrkja om å «gå … ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk» (Matt 28,19-20).

Vi har ikkje noko ord om at dei uvitande går fortapt. Men vi veit at menneske utan Gud ikkje har noko håp for evigheta. David sa det slik: «For vi er framande for ditt åsyn, og gjester, lik alle fedrane våre. Som ein skugge er dagane våre på jorda, og utan von.» (1. Krøn 29,15)

Du er inne på eit stort tema, Hanne. Vi blir små i dette store perspektivet og under Guds veldige hand når han styrer verda. Men vi har håpet i å tru på Jesus. Vi fortel gjerne om det til andre, og vi ber om at Guds miskunn må nå fram til alle - overalt.

«Men vår Herre Jesus Kristus sjølv, og Gud, vår Far, han som elska oss og i nåde gav oss ei god von, må han trøysta hjarto dykkar og styrkja dykk i all god gjerning og tale!» (2. Tess 2,16-17)

OPKL213

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone