Forklare treeinigheta

Korleis kan vi forklare treeinigheita for andre, då spesielt for dei som ikkje trur? (Kristin, 18 år)

SVAR:

 Vi trur på treeinigheita fordi vi finn ei rekke ord i Bibelen som peikar i den retninga. Sjølve ordet står for at Gud er ein og samstundes tre.

Gud er ein, det skjøner vi ut frå for eksempel ordet: «Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin» (5. Mos 6,4). Jesus seier: «Dette er det fyrste av alle boda: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin» (Mark 12,29). At også Paulus lærer det same, ser vi her: «Så finst det for oss berre éin Gud, Faderen. Av han er alle ting, og vi er til for han» (1. Kor 8,6).

Til tross for dette ser vi at Bibelen seier at dei tre personane i Guddommen er tre ulike personar. Jesus lærte oss å be Fader vår, han er den einaste som kallast vår Far (Rom 1,7). Han er Gud og Far (2. Kor 1,3).

Jesus kallast Sonen. Han sa sjølv at han er Israels Gud Jahve, som openberra seg ved namnet «Eg er» (2. Mos 3,14). Då Jesus kalla seg «Eg er», provoserte han jødane på den tida. Heile guddomsfylden bor i Jesus, sa Paulus (Kol 2,9).

Anden er den tredje personen i Gud. Han eig eigenskapar som Gud, han er til stades overalt (Sal 139,7-12).

Jesus sa at vi skal døype til Faderens, Sonens og Den Heilage Andes namn (Matt 28,19). Difor er det så fint å velsigna i den treeinige Guds namn: «Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den Heilage Andens samfunn vere med dykk alle!» (2. Kor 13,13)

Gud er ikkje då 1+1+1=3, men han er sterk og levande, så vi kan seie at han er 1x1x1=1.

Det kan vere at dei som ikkje trur, vil diskutere dette, og fordi dei ikkje forstår, vil dei heller ikkje tru. Men då kan du seie at det er mange ting dei ikkje forstår, men trur på likevel.

Det avgjerande er om vi vil tru, eller om vi set opp veggar av argument imot trua. Jesus sa: «Om nokon vil gjera hans vilje, då skal han kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar av meg sjølv» (Joh 7,17).

OPKL233

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone