Minstekravet for å vera kristen

Kva er «minstekravet» for å kalle seg ein kristen? (Trua åleine?) (Lars Johan, 17 år)

SVAR:

Ja, eg trur du har sett det, Lars Johan: Trua åleine. Dette er nok.

Det går fram av til eksempel orda i Efesarbrevet: «For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve. Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal rosa seg.» (Ef 2,8-9)

Vi kan skjerpa oss og bli superflinke i bøn, ofring, i å gi opp oss sjølv og så bortetter, men det gjer ikkje inntrykk på Gud. Han vil ikkje at vi skal rose oss av noko. Vi kan ta imot frelsa som ei gåve.

Eit anna ord seier også kor enkelt det er å kalle seg kristen:

«For dersom du med munnen din sannar at Jesus er Herre, og i hjarta ditt trur at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. Med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelse» (Rom 10,9-10).

Tru i hjarta – vedkjenning med munnen: Det er også eit «minstekrav» som du kallar det.

Når vi trur, får vi syndsforlating av nåde. Men det inneber ikkje at vi kan leve slik vi vil. Jesus taler om å ha eit ønske om å leva etter bodorda hans, ha respekt for dei. «Dersom de held boda mine, då er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda åt Far min, og vert verande i hans kjærleik» (Joh 15,10)

Prøv meg, seier Jesus, prøv å tru på meg! «Om nokon vil gjera hans vilje, då skal han kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar av meg sjølv» (Joh 7,17).

OPKL234

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone