Gå ikke bort
Gå ikkje bort ifrå Jesus,
han har deg så inderleg kjær.
Han veit kva som bur i ditt hjarta,
men elskar deg slik som du er.
Gå ikkje bort ifrå Jesus,
han ser du er sliten og sår.
Til han kan du seia det tunge,
det ingen veit om og forstår.
Gå ikkje bort ifrå Jesus,
nei, kvil i hans fullbrakte verk.
Bruk ordet til våpen mot synda,
då fyrst vert i striden du sterk.
Gå ikkje bort ifrå Jesus,
men ver du ein reidskap for han,
Så andre finn vegen til livet,
til himmelens herlege land.
«Fra det fjerne har Herren åpenbart seg,» sier Bibelen. Herren sier: «Ja, med evig kjærlighet har jeg elsket deg. Derfor har jeg latt min miskunn mot deg vare ved» (Jer 31,3)
OPK563