Poenget med bryllupet i Kana?

Kva er hovudpoenget med det fyrste underet til Jesus i Joh 2,1-11? (Karl, i 20-åra)

SVAR:

Eg trur ikkje det er berre eitt hovudpoeng i forteljinga om bryllupet i Kana. Johannes skriv enkelt, men det ligg mykje under. Her er mogeleg å tenke på dei lange linene i Skrifta, og kanskje også symbolske tydingar.

Andre kan gi andre svar enn eg. Men eg vil peike på:

Jesus gjorde sitt første under i et bryllup. Med det har han velsigna ektepakta mellom mann og kvinne. Heilt sidan bibelsk tid har eit bryllaup vore ein storslagen fest mellom jødane. Jesus går rett inn i livet og signer det at mann og kvinne fortsett verket med å skape. «Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk!»» (1Mos 1:28) At så mange i dag ikkje vil lyde Guds oppmoding og vere fruktbare, skaper sorg hos Gud. (Eg vil ikkje kritisere dei som ikkje kan, eg seier noko til dei som ikkje vil.)

Det andre gode poenget er at Maria lærer oss noko om bøn. Ho seier ikkje til Jesus: Nå skal du gjøre slik og slik. Ho seier ganske enkelt frå om kva som er vanskeleg: Dei har sloppe opp for festdrikk. Å be er å seie frå om det som er vanskeleg.

Svaret frå Jesus kan verka avvisande. Slik er det ofte når vi ber til Jesus. Det kan verka stengt og kaldt i første omgang.

Men Maria trur og førebur seg på eit under. Ho seier til tenarane ved festen: Gjer som Jesus seier! Ver lydige mot hans bod! Så skal de kanskje oppleve noko spesielt.

Dei seks leirkara som sto der, vart nytta til vask eller meir symbolsk reinsing. Dei var store og romma kanskje 40-50 liter kvar. Vatnet blir plutseleg til god vin. Leiaren for festen kan knapt tru det som har skjedd.

Johannes legg ikkje fram detaljane om underet. Han er meir opptatt av at Jesus med dette sto fram med si makt: «Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.» (Joh 2:11)

Eit teikn er en peikar, eit signal, ein forsmak på noko større. Den som trur på Jesus, skal sjå større ting enn dette.

Jesus har gått inn i verda for å grunnleggje sitt rike. Dei veldige kara kan stå som eit symbol på den gamle pakta. Med dei hadde jødane søkt å reinse seg frå syndene sine. Men sjølv om dei hadde fylt kara til randen, var det fånyttes. Men Jesus kom med ei ny reinsing. Det vart edel vin i staden for vatn.

Vi får ein forsmak på gledefesten der Kristus sjølv er brudgommen og dei som trur på han, er brud.

Maria sa: Dei har ikkje vin. Det er sant om alle som ikkje hadde fått del i frelsa ved Kristus. Men nå, til slutt, i desse siste dagar, har Gud teke fram den gode vinen, i store mengder.

Det hende på den tredje dagen – det er som ein peikar fram mot Jesu oppstode på den tredje dagen. Store ting hadde hendt. Større ting skulle dei få sjå - dei som trur og tek imot.

OPKL462

 

 

 

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone