Månegud og avgudsdyrking

Hei, Asbjørn! Har vore i diskusjon med ein kar om Islam. Han seier muslimar er avgudsdyrkarar. Dei dyrkar ein månegud, derav symbolet sigden. Eg syns dette vert ei feil tilnærming, om målet er å kome i dialog med muslimar. Eg veit at bibelomsetjingar til arabisk brukar omgrepet Allah om Gud.(som jo tilsvarer Elohim på hebraisk.)

Er ikkje då Allah og Elohim den eine, sanne Gud? Eller er Allah ein månegud - ein avgud? Kan vere litt forvirrende dette.

Og skal ein evangelisere for muslimar, bør ein vel følgje Paulus' eksempel med grekarane i Aten? Møte kulturar med respekt, og forkynne at Jesus er deira "ukjende Gud?"

Trur ikkje ein kjem nokon veg med muslimar med å avfeie dei som primitive månegud-dyrkarar, men heller ta utgangspunkt i kva islam, jødedom og kristendom har felles. Kan du sei noko om dette, når du finn tid til det? Venleg helsing Per Harald.

SVAR:

Hei, eg vil først seie litt om det du tar opp sist. Skal vi gå inn i samtale med muslimar, trur eg det er rett å møte dei med respekt og kjærleik. Eg trur også det er klokt å ta til med det vi har felles.

Det gjeld i forhold til alle som ikkje deler den kristne trua. Ein kan byrje i noko ålmennmenneskeleg.

Den Heilage Ande må overtyde, ikkje vi. Han kan verkeleg komme i aksjon om vi vitnar om Jesus. Jesus er respektert av dei fleste. Det han sa og gjorde, strålar av godleik og fred. For muslimar er han ein stor profet.

Nå sa Jesus at han og Far i himmelen er eitt. Han sa at ingen kjem til Far uten ved meg. Bibelen seier at Jesus er «utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge». (Hebr 1:3) Vi trur på Jesus som Guds einborne Son.

Bildet av Gud som vi finn i dei to religionane, er så ulikt at eg ikkje trur vi kan seie det er den same guddomen. Her er mykje teologi å gå inn på, men eg trur det blir for vidt å peike på det her. Eg trur heller ikkje vi til vanleg vinn menneske for Jesus ved hjelp av diskusjonar.

OPKL496

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone