Ord om barnedåpen

Kan du gje konkrete bibelvers som seier at ein skal døype små barn, og ikkje vente til at ein kan bestemme sjølve? (Skoleelev)

SVAR:

Ja, det står i Apostelgjerningane 16,15 om ei kvinne som heitte Lydia: «Då så ho og huslyden hennar var døypte, bad ho oss og sa: Så sant de held meg for å vera ei som trur på Herren, så kom heim til meg og bu der! Og ho nøydde oss.» 
 
Det ville vore heilt merkeleg om det ikkje var born i ein stor huslyd som denne kvinna truleg hadde. Me les også andre døme på at heile familiar vart frelst og døypt.
 
Jødane praktiserte å omskjere gutane då dei var berre nokre dagar gamle. Dei skulle få del i pakta frå dei var små. I Kol 2,11 ser me det er tale om «Kristi omskjering». Der er det tale om dåpen i verset etter. 
 
Difor let vi, som truande, dei små barna få del i dåpsgåva alt mens dei er små. For dåpen er ikkje avhengig av at me forstår, men at me tek imot, og at Jesus ynskjer at me kjem til han.

OPKL039

 

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone