Kva gjer dei på i himmelen?

Kva gjer dei på i himmelen etter døden? Er livet som det var? Eg lurar på kva Bestefar gjer på no. Eg mista han i haust … nett før jul. Trist og tungt, men heldigvis veit eg at han har det godt no, og me skal møtast igjen!

 SVAR:

Heile den boka som vi kallar Johannes Openberring, er ei skildring av framtida. Du kan lese om avslutninga av denne tida, og noko om livet i den nye himmelen og på den nye jorda. Om dei som var døde, står det at ”dei vart levande og rådde saman med Kristus i tusen år” (Op 20,4). Å styra saman med Kristus må vel innebere at vi er med og administrerer eit eller anna. Ikkje noko tungt og slitsamt, men noko utfordrande og gjevande. 

I kapitlet etter er den nye verda skildra slik: ”Frå trona høyrde eg ei høg røyst som sa: Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei og vera deira Gud” (Op 21,3). 

Det som var sorgfullt og grufullt her i verda, skal verta gløymt, for ”Han skal tørka kvar tåre frå augo deira. Og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg, og ikkje skrik, og ikkje pinsle skal vera meir. For dei fyrste ting har kvorve bort” (Op 21,4). 

Alt godt vi kjenner her i verda, skal vi få møte att i ei fullkomen form på den nye jorda: ”Den som sigrar, skal erva alle ting. Eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son” (Op 21,7). 

Vi skal få taka med oss det beste frå kulturane og herlegdomsverdiane: ”Folkeslaga skal ferdast i ljoset i byen, og kongane på jorda ber herlegdomen sin inn i han … Herlegdomen og æra åt folka skal dei bera inn i han” (Op 21,24 og 26). 

Eg trur det vert praktfullt. Livet vert mykje, mykje betre enn det var, med mange spanande syslar. Eg trur bestefaren din har det så godt som han aldri før har hatt det. Lev for Jesus du òg, så skal de få møtast att! 

OPKL095

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone