Vil Gud gjere meg frisk?

Etter ein trafikkulukke for nokre år sida fekk eg ein skade i nakken. Eg har fleire gonger blitt bedt for, nokre gongar salva, og då har det ikkje gjort vondt meir. Men like etter, kanskje bare ein halv time seinare, har smerta kome att.

 Nokre seier at eg må bare ha tru nok, så blir eg frisk. Andre seier at eg må bare avvise djevelen sterkare. Eg har vore til fysioterapeut, nokre seier at eg bare må leve med det, andre seier at eg kan bli betre etter kvart. Kva skal eg tru? (”Hilde”, 18 år)

SVAR:

Du skal vere frimodig og tålmodig når det gjeld å be til Jesus. Han høyrer bøna di. Men lat han få svare på den måten og på den tida han vil. 

Du må ikkje tenke at svaret heng saman med kor sterkt du trur. Gud gir aldri sin nåde som ein premie for noko, men berre som ei gratis gåve utan at vi fortener den på noko vis. 

Oppgåva di er ikkje å avvise djevelen. Det er Jesus som har sigra over djevelen. Kall på Jesus, bruk namnet hans når du ber, så må djevelen flykte. Hjelp frå Herren er ikkje avhengig av kor stor makt du har til å avvise djevelen. Han er fryktelig sterk. Då ville du ha falt igjennom. Lat Jesus jage djevelen bort. 

Når det gjeld sjukdom, er det mange gåter. Paulus skjønte heller ikkje alt om dette. Han skreiv likevel om at Herren hadde ei meining med at Paulus sleit med noko som gjorde vondt: ”For at eg ikkje skal gjera meg stor av dei overlag høge openberringane, har eg fått ein torn i kjøtet, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal opphøgja meg. Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. Men han sa til meg: Min nåde er nok åt deg, for mi kraft vert fullenda i veikskap. Difor vil eg helst rosa meg av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. Difor er eg ved godt mot i vanmakt ... For når eg er veik, då er eg sterk!” (2. Kor 12,7-10). 

Kjære "Hilde", Jesus vil ta seg av deg – anten det blir til lækjedom eller veikskap. Ja, kanskje du stundom skal oppleve gleda og smerta, sigeren og sorga, jubelen og gråten om kvarandre. Slik vil Herren oppdra deg for sitt rike. 

Stol på han. Han vil alltid det beste for barnet sitt.

OPKL121

 

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone