Kor ofte kan eg få tilgjeving?

Kvar går grensa for kva Gud kan tilgi? Eg slit ofte med at eg tenker at Gud tilgir da alle synder, så eg kan berre kome tilbake til Han etter at eg har synda. Er utruleg oppgitt over meg sjølv fordi eg veit at dette berre blir heilt feil! Men likevel så gjer eg det om og om igjen. Og angeren er der med ein gong etterpå, men eg er redd det skal verte ein vanetanke. Og det vil eg ikkje!

 Eg vil verkeleg vere ein god kristen, og at folk kan sjå at Jesus er i meg, og at eg kan få dele det glade bodskap med alle mine ukristne venner! Men kvar gong eg syndar, så får livet mitt ein nedtur, og eg blir eg meir og meir usikker på om Gud verkeleg vil tilgje meg meir. Føler også at Han blir meir og meir fjern. Nokre tips til korleis eg kan stå imot fristelsane frå den onde?
(JOS, skoleelev)
 
SVAR: 

Du spør om noko som høyrer til innersida av kristenlivet. Kvifor vert eg ikkje bedre når eg trur på Jesus? Kvifor vert eg ikkje kvitt syndene min ein gong for alle?

Gud har skapt oss fullkomne, men syndefallet har gjort at noko har kome i ulage i verda og i livet vårt. Djevelen, verda og vår eiga vonde trong lever i oss og omkring oss, endå om vi vil høyre Jesus til. Paulus vart heilt fortvila då han tenkte på dette: ”For eg veit at i meg, det vil seia i kjøtet mitt, bur ikkje noko godt. For viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje. Men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.” (Rom 7,18-19)

”Eg elendige menneske!” seier Paulus. ”Kven skal fri meg frå denne dødens lekam!” Då syner han til Frelsaren sin og seier: ”Gud vere takk, ved Jesus Kristus, vår Herre! … Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.” (Rom 7,24-8,1)

Gud vert ikkje trøytt av å tilgje deg. Jesus sa: ”Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg. Og den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut.” (Joh 6,37)

Du får koma ”for tusende gong”, som det står i sangen.

Tips til å unngå freistingane? Flykt frå det som freistar, og fyll tanke og sinn med noko anna. Legg vinn på alt som er godt (Filipparane 4,8), Guds ord og det kristne samfunnet, så vert det ikkje så mykje plass att til det vonde.

 OPKL171

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone