Er dødsriket ein plass for alle døde?

I dag hadde eg bibelstudium i lag med to unge damer i Japan. Vi las frå Joh. opb 20, om domen. Vanskeleg å ta fram overfor ikkje-kristne, men prøvde å understreke betydninga av Livets bok og korleis vi kan få namnet vårt der. Ei av dei hadde eit godt spørsmål, som eg også lurer på, så eg lova å prøve å finne svar før vi møtest att. Vi las m.a. v. 13: “The sea gave up the dead that were in it, and death and Hades gave up the dead that were in them, and each person was judged according to what he had done." I den engelske utgåva av NT var både "Death" og "Hades" skrivne med store forbokstavar, og ho lurte på kvifor, og på kva som er forskjellen på Death og Hades. Kva skal eg svare på det?

Sjekka fleire engelske omsetjingar no, men dei andre har stor bokstav berre på "Hades".

Dødsriket - er det ein plass for alle døde? Jfr trusvedkjenninga "for ned til dødsriket". At havet ga tilbake sine døde, betyr det at dei som er drukna, ikkje er i dødsriket? (Inger)

SVAR:

I dei store visjonane Johannes hadde i kapittel 20 i Openberringsboka, såg det ut til at menneska var blitt borte. Dei var drukna i havet, smuldra opp i graver, slukt opp av døden og dødsriket. Vi veit ikkje korleis dei vart spreidd. Men på domens dag må dei alle fram og svare for kva dei gjorde ut av livet Gud ga dei. Ein oppløysing og nyskaping av heile universet skal finne stad. Det blir ei oppstode også for dei som fann grava si på heilt ukjende stader.

Domen er klargjort på førehand, den er nedskriven i bøker. Det vert ikkje noko forhøyr. Kva gjorde vi då Jesus søkte oss? Tok vi imot nåden? Dette avgjorde kva slags gjerningar vi deretter synte i livet.

Men så høyrer vi også om Livets bok hos Lammet som er slakta (Op 13,8). Der står namna på alle dei som tok imot det Gud ville gi til alle, men som mange viste frå seg: den fullkomne tilgjevinga vi kan få ved å ta imot Kristi forsoningsoffer. Dei vert ikkje frelste av gjerningane sine, men berre av nåde.

Døden og dødsriket ser ut til å høyre til Guds fiender. Johannes gjer dei nesten til personar, så dei har fått stor forbokstav. Dei må gi slipp på dei som er fanga. Her er ikkje klokt å spekulere om kor og korleis. Viktig er det som Paulus skriv, at ”den siste fienden som vert gjort til intet, er døden” (1 Kor 15,26). Hades er det same som Sheol, staden for dei døde. Desse stadene høyrer til i det gamle og må øydeleggast saman med Satan og dei vonde når Guds rike bryt fram.

Det er riktig som du skriv at dødsriket er nemnt i trusvedkjenninga. Kristus steig ned i dødsriket og forkynte der, fortel Peter i det første brevet sitt. Men vi veit ikkje kva han forkynte og kven han forkynte for. Han ga dei knapt ein sjanse nummer to til å verta frelst.

Paulus talar ikkje om noko dødsrike når han ser mot avslutninga av livet sitt. Han er berre oppteken av å vera hos Kristus – her og i æva. Det skal vera håpet for alle som har tatt imot Kristus i dette livet.

Kapittel 20 i Openberringsboka er vanskeleg å tolke. Det er lett å verte forvirra. Mykje vil vi skjøne først i æva. Men vi skal trøyste oss med at han er den same Jesus, han som frelste og som skal dømme. Nåden og sanninga vil høyre saman i domen på same vis som dei hang saman i forsoninga på korset.

Eg trur det er riktig som du gjorde: Understreke kor viktig det er å stå skreve i Livets bok. For folk som ikkje har høyrt evangeliet, må det positive om frelsa ved Jesu forsoning lyde til dei fattar det og trur det. Gud vil at alle menneske skal verte frelst. No er nådetida, og frelsa er gratis av nåde, fordi Jesus har opna vegen til det evige livet hos han. Ein dag skal vi få svar på gåtene.

 OPKL218

 

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone