Stå fast ved grensene

Korleis kan ein klare å stå fast ved dei grensene ein har satt for seg sjølv ang. seksualitet når ein har kjæraste? (Kristin, 18 år)

SVAR:

Nei, det er ikkje nokon enkel sak å stå fast ved grensene ein har satt. Du må be Gud om hjelp, og samtidig vil eg gi deg råd på to plan:

Du bør kommunisere tydeleg til kjærasten din kor grensene dine går. Det kan handle om direkte kontakt hud mot hud, kjæling med erogene sonar på kroppen, ikkje såkalla heavy petting, ikkje samleie eller forspel til samleie, osb. Sei til han at om han har kjærleik og respekt for deg, har han også respekt for dei grensene du set, i denne fasen av livet og med det tilhøvet de har til kvarandre. Du må seie klart frå om at tryggleik og tillit er grunnleggande sett frå din ståstad.

Det andre er at de ikkje isolerer dykk for mykje i forhold til dei andre. Det er mykje viktigare å verte kjent med kvarandre i eit miljø, i samspel med andre vener. Å observere den andre i kommunikasjon med andre gutar og jenter, korleis han er andsynes foreldre og søsken, gjer at du blir betre kjent med han, og de kan etterpå snakke saman om kommunikasjon ut frå dei opplevingane de har vore saman om.

Det er klart de må bli kjent, bare de to også. Men det treng ikkje skje på eit elevrom, på ein sofa eller i eit soverom. Men de kan gå tur i naturen, gjere ting saman, ta på dykk ein jobb i lag. Det viktige er at det seksuelle ikkje blir hovudsaka i denne fasen, men at de blir godt kjent på alle andre område. Då vert tillit og trygghet på det erotiske planet enkelt når den tid kjem at de vil gifte dykk med kvarandre.

Guds ord seier: «For dette er Guds vilje, dykkar helging: Hald dykk frå hor. Kvar av dykk må vita å vinna sin eigen ektemake i heilagdom og ære, ikkje i sanseleg lyst slik som heidningane, dei som ikkje kjenner Gud» (1. Tess 4,3-5).

Eg ønskjer dykk Guds rike signing.

OPKL236

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding

Powered by Cornerstone