Gud greip ikkje inn
SVAR:
Den store fortellinga Bibelen set oss inn i, seier at Gud skapte alt i verda, «Og Gud såg at det var godt». Djevelen er ein engel som har falt. Vi veit ikkje noko om når, kvifor og korleis. Men Satan er altså verksam, det kan det ikkje vere mykje tvil om.
Gud har valt å openberre mykje for oss i Den heilage skrifta, men det er mykje som er løynd.
Når vennen din er oppteken av dette som er løynd, og som vi difor ikkje veit svaret på, kan du jo varsamt spørje: - Om du fekk svaret på dette spørsmålet, ville det verta lettare for deg å tru på Jesus då?
Nå veit eg lite om vennen din og korleis han tenker. Men det finst dei som ikkje tvilar, men dei nektar. Dei skjuler seg bak tvilen sin fordi dei eigentlig er kalla av Gud, men dei vil ikkje sleppe han inn på seg. Då er tvilen eit godt forsvarsverk. Såleis tviler dei aldri på tvilen sin, om den er ekte.
Dei som Jesus møtte og tok seg av, vart først overtydde om at dei var syndarar, og at dei trengte Jesus til frelse og eit nytt liv. Det fekk dei. Då dei på den måten vart sett fri, falt det andre på plass. Tvilen var ikkje så mykje av eit problem lenger.
Du kan gjerne ha desse tankane med deg når du ber om visdom og pratar med vennen din.
OPKL249